Junior NM,  Fana Stadion 21-23. Juli.

I år vart JuniorNM arrangert på Fanastadion, og fra Florø reiste vi 8 utøvarar.  Og samanlagt fekk vi:  1 gull, 3 sølv og 1 bronse.

Gullet fekk Steinar Kleppe i slegge i U20 klassen, der han frå før var favoritt.    Den to år yngre Eivind Henriksen frå Tjalve imponerte, og trua lenge Steinar som kasta dårlegare enn forventa, men kom 7 cm bak.

2 Av dei 3 sølva gikk til Idar Grøneng havn i U23 klassen.  Han vart slått av Knut Steinar Syvertsen i kule som fekk ny personlig rekord med 16,00, mens han sjølv kasta 14,37(personlig rekord er 15,80).  Han har slått Syvertsen mange gangar før, men denne gangen var det ingen som kunne stoppe Borg-guten.  I spyd kom han på 2 plass med resltatet 50,11.

Sølv nummer 3 gjekk til Yngve Grøneng Havn, som låg an til å vinne med ny personleg rekord på 15,84, heilt til Urædd-gutten Stian Andersen passerte han med 4 cm i siste runde.  Forhåndsfavoritt Vegard Henriksen fekk det ikkje til og havna på 4 plass.

(c) www.kondis.no

Bronse fekk Kim Leirvik i Stav, med ny personleg rekord på 4,10 meter.  Han gjorde gode forsøk på 4,20, men klarte ikkje denne høgda.

Florø fekk også ein 4. plass til Helle Nybø Waage i tresteg som hoppa 11,40 meter, berre 10 cm bak 3. plass.

Sølvvinnar i kule, Yngve, kom på 5 plass i diskos med 43,13 meter.

Ann Merethe Vågane kom på 6. plass i slegge med 36,26, og Helle kom på 6 plass i Lengde med 5,21(I kvalifiseringa hoppa ho 5,46, noko som ville ha gidd ho ein 4. plass).  Steinar Kleppe kom på 6 plass i spyd med 50,46, berre 12 cm bak 5 plass.

Ole Henrik Bjørnseth kom på 7. plass etter eit flott 1500 meter løp, og fekk tida 4:04,15.

Kim Leirvik fekk også ein 8. plass i Lengde med 6,12.  Trond Ove Hopen kom på 8. plass i spyd med 47,93.