Sleggekast:
For de som lura litt på ditta med slegge, kan eg gi en liten brief.
Formålet i slegge, er å kaste ei stålkule med streng og handtak så langt som mulig. Eg veit ikkje i kor stor grad vi kan kalle det et kast, for kastet er egentlig et resultat av den farta som slegge oppnår ved at kasteren snurra rundt si eiga akse veldig fort. Desto raskare slegga går(bestemmast av kroppsrotasjon og radius fra kroppen og ut til slegga) desto lenger vil slegga gå. For menn(7,26 kilos slegge) er verdsrekorden på 86,74, satt av Jouri Sedykh den 30. august 1986( i det 4 kastet for dei som lurar). For damer er rekorden satt av Michela Melinte som kasta 4 kilos-slegga 76,07 meter.
Kastet blir utført frå ein betongring med ein diameter på 2,135 meter, som at sikkerhetsmessige grunnar er plassert inne i eit bur med kraftig netting rundt. Dersom ein skal få eit gyldig kast, må vi klare å stå inne i denne ringen til slegga har landa(og så gå ut bak i ringen), og ein må også få slegga til å lande innanfor sektoren som er på 34,92*
Idag bruker dei fleste gode kastarar 2-3 forbredande sving over hodet, etterfulgt av 4 rotasjonar (ein rotasjon består grovt sett av ei einbeinsfase(sjølve rotasjonen) og tobeinsfasa(der vi kan påføre slegga kraf). Grunnen til at mange bruker 4 rotasjonar er at dei føler at slegga får ein beire fartsauke som er jamt. For mange klarer nemleg ikkje å akselerere så fort at dei kan kaste 80-85 meter på 3 rotasjonar,(men Sedykh klarte dette når han sette verdsrekord med 3 rotasjonar).
Hovudfasane i eit sleggekast:
Forbredande sving:

Formålet med forbredande sving er å få slegga opp i litt fart, og inn i ei rikitg bane slik at overgangen til den første rotasjonen ikkje skal bli så brå. For dei som kastar med 4 rotasjonar, må bana eigentleg være så flat som mulig i desse sviningane. For dei som kastar med 3 og færre rotasjonar, treng ikkje ha så flat bane. 2 (eller 3) forbredande sving er det mest normale
Første rotasjon:
Mange veljer å kalle første rotasjon ein kontrollrotasjon(særlig 4-rotasjonskararar). Dette gjer dei for å få slegga skikkeleg inn i bane, men dei får også ein viss akselerasjon. Dei fleste som kastar med 4 rotasjonar går den første rotasjonen på tå, slik at dei ikkje trakkar dødt. Nokre kastarar velger å ha overkroppen ein del framoverbøygd i den første rotasjonen. Dette gjer dei for å få ein så lang radius som mogeleg. men om eins skal gjere dette, må ein være veldig sterk i ryggen for å kunne rette seg opp seinare i kastet. Den ungarske kastaren Adrian Annus kastar på denne måten.

2. ,3. (og 4.) rotasjon:
I dei neste rotasjonane er det i utgangspunktet ei hensikt. Det er å kunne oppnå så stor fart som mogeleg, samtidig som vi klarar å ha kotroll på det heile, noko som er det størte problemet når større hastighet oppstår. Det er berre i ein av delane i kastet slegga kan akselererast. Denne fasa blir kalla tobeinsfasa og er som namet kan sei, den fasa der kastaren har begge føtene planta i bakken. For då kan ein nemelg "dra" slegga ned mot bakken og skape ekstra fart. Under denne prosessen er det viktig - og vanskeleg - å halde overkroppen så rett som mogeleg. Om ein ikkje gjer det, vil slegga slå ned i bakken og vi mistar kontrollen, noko som fører til eit øydelagd kast.
For å kunne skape den optimale farta i tobeinsfasa er det smart å gjere einbeinsfasa(den passive fasen der slegga dreg oss rundt og mistar fart) så kort som mogeleg. Dette får ein til ved å få ei så tideleg landing i bakken som mogeleg. Då får ein nytta ut heile den vegen ned som verkeleg skapar fart. Ein som landar så tideleg at slegga nesten har nådd lågpunktet sitt, mistar veldig mykje kraft fordi han ikkje får mulighet til å skape den farta som skal til for å kaste langt.
Her er eit bilete som viser ei brukbar tideleg landing, og det gav resultat i eit brukbar kast og.

Og her er eit bilete som viser korleis ei god landing kan sjå ut opp imot ei dårleg. Vi ser tydeleg at kastaren som landar med slegga langt oppe får over dobbelt så lang arbeidsveg til å dra slegga mot bakken som han som landar seint.

Utkastet:
Den siste fasa i kastet er også veldig viktig! Det er no "kastet" skjer, og vi slepp slegga ut i rikitg kastretning. Utkastet skal bort i mot være eit forsøk på å hoppe, utan at ein lettar frå bakken. Det er fordi vi skal tenke "opp". Slegga har jo frå før så stor linjær fart(frå rotasjonane) at den uansett vil gå langt dersom vi tenker "opp" og ikkje fram. Ein anna fordel ved å tenke "opp" er at det då bli lettare å stå i ringen ettersom vi får ut heile krafta oppover, og ikkje blir dradd etter slegga ut. I utkastfasa er det også viktig å være veldig sterk, særleg i beina og ryggsøyla. Det er fordi slegga no kan ha ei fart på opp under 100 km/t, og dra med ei kraft på opp imot 300 kilo. Og desse 300 kiloane skal kastaren med så stor kraft som mogeleg dra opp frå lågpunktet og sleppe i riktig retning for å få så stor kraft som mogeleg mens dei enda kan. Skriker som mange kastarar kommer med, er altså grunna dette basketaket med gravitasjonskreftene som er veldig tungt.
I utkastet er det alfa og omega å være strak i ryggen, og få slegga til å være så nær kroppen som mulig, for det er i denne posissjonen vi er sterke. Personen som lener seg framover, vil mest sannsynleg gå dødt ettersom han ikkje får ut all krafta i slegga, og fortsetter å rotere. Eit godt tegn på at vi har fått ut heile krafta, er at vi blir ståande med hendene over hovudet

Dette er eit dårlig utkast samanlikna med eit bra utkast.